Search

Elfly mellom Stavanger og Bergen i 2026?

- Ja, det er i høgste grad innan rekkevidde, seier Njål Skår, styremedlem i Agenda Vestlandet og regiondirektør i BM Stavanger-området i Sparebanken Vest. Agenda Vestlandet har gitt 2,6 millionar kronar til eit forprosjekt for utvikling av ei kommersiell flyrute mellom Stavanger og Bergen med elfly.


Prosjektet i regi av Start Norge AS, skal peike på kva tiltak som må til for å kunne realisere den første kommersielle ruta med elfly i Noreg. Prosjektet har òg fokus på kommunikasjon, og ein nettside skal lanserast for å gje naudsynt nyhende om elfly i Noreg. – Elfly er ein heilt ny teknologi, dette må mognast for at folk skal føle seg trygge. Eg er heilt sikker på fly vil vere eit naudsynt framkomstmiddel på Vestlandet i framtida, då er det viktig at den er basert på grøn teknologi, seier Skår.


Skår peiker òg på ringverknadane av å innføre denne teknologien på Vestlandet. – Det må byggjast ny infrastruktur for å handtere denne teknologien, med nye konsept for til dømes lading, krafttilførsel, service, nullutslepptransport til/frå flyplass, seier Skår.


Elfly tema på Næringsforeningen TV

Fredag 5. februar var utvikling av elfly på Vestlandet tema i Næringsforeningen i Stavanger-regionen sin daglege TV-sending. I følgje Arne Martin Gilberg i Aircontact Group er strekninga Stavanger-Bergen ideell for innfasing av elfly i Norge. – Distansen mellom dei to byane er ca. 170 km og er ein god distanse med dagens teknologi, det er eit godt befolkningsgrunnlag, om lag 500.000 reiser med fly på denne strekninga i dag, seier Gilberg i sendinga.


Sjå sendinga om Elfly her (om lag 20 min):


Les meir om funna i mogelegheitsstudien om innfasing av elfly i Noreg.

Agenda Vestlandet (kontor)
Jonsvollsgate 2
5011 Bergen
Tlf: 99152515
epost: frode.nergaard.fjeldstad@spv.no
«Agenda Vestlandet er ei stifting oppretta av Sparebanken Vest for å vere ein drivkraft i det grøne skiftet på Vestlandet.»