Search

FUTURE PROOF får to millionar frå Agenda Vestlandet

Updated: Aug 30

- No må alle bedrifter jobbe med menneskerettane, seier Margunn Minne, styremedlem i Agenda Vestlandet og konsernsjef for BM Sør i Sparebanken Vest. På vegne av Agenda Vestlandet delte ho ut 2 millionar kroner til FUTURE PROOF-prosjektet i regi av Raftostiftelsen.

FUTURE PROOF skal hjelpe næringslivet på Vestlandet å etterleve sitt ansvar for menneskerettane.


Må kunne dokumentere i heile verdikjeda

Stortinget har nettopp vedteken ein openheitslov der bedriftene må kunne dokumentere korleis dei handterer grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold.


– Lova skal sikra openheit i heile leverandørkjeda, og det kan vere krevjande å følgje med på for mange små og mellomstore bedrifter, nettopp difor treng vi initiativ som FUTURE PROOF som framskundar prosessen, seier Aas Minne.

– Det handlar om å vere i forkant, påpeiker ho.


- Raftostiftelsen er svært takksam for at Sparebanken Vest vert med i FUTURE-PROOF og at Agenda Vestlandet går inn med viktig støtte til denne satsinga. Arbeidet med menneskerettane vert stadig viktigare i næringslivet, og gjennom FUTURE-PROOF skal vi bidra til dette, seier Jostein Kobbeltvedt, dagleg leiar i Raftostiftelsen.


Sparebanken Vest signerer FUTURE PROOF-plakaten

- Sparebanken Vest har arbeidd systematisk med berekraft over fleire år, ved å signere FUTURE-PROOF-plaktaten forpliktar vi banken til å jobbe meir systematisk med menneskerettane i vår eigen verdikjede, seier Minne.