Search

Greenspot Mongstad får 3 millionar i støtte til grøn omstilling

Updated: Feb 5

- Dette er fantastiske nyheiter, seier leiar av Interimsstyret Widar Salbuvik og prosjektleiar Baste Tveito i Greenspot Mongstad etter at Agenda Vestlandet informerte dei om støtta dei har fått til å utvikle nye grøne arbeidsplassar på Mongstad.



Greenspot Mongstad skal omstille Norges største punktutslepp av CO2 til eit industriområde som skapar nye grøne arbeidsplasser.

Av Frode Nergaard Fjeldstad 4. februar 2021


Agenda Vestlandet er Sparebanken Vest si stifting for å akselerere det grøne skiftet på Vestlandet. Slik grunngjev dei kvifor akkurat Greenspot Mongstad fekk støtte: – Agenda Vestlandet støttar prosjekt kor ein går frå ord til handling. Regionen har i 50 år nytt godt av eit olje og gasseventyr som har gjeve trygge arbeidsplassar og velstandsvekst. Dei neste åra må me skape ny industri, basert på grøne energikjelder for å vere konkurransedyktig, seier Sundland.


Skal gjere Mongstad grøn Salbuvik i Greenspot Mongstad har tru på at Mongstad, som har stått for det største enkeltutsleppet av CO2 i Noreg, no kan ta ein leiarposisjon i det grøne skiftet.


- Greenspot Mongstad sine analysar syner at me er eitt av dei mest attraktive næringsområda i landet. Vi opplever no ein auka etterspurnad frå solide norske og internasjonale selskap, som ønskjer å investere i grøn industri på Mongstad, seier Salbuvik.


Støtta frå Agenda Vestlandet er sjølve fundamentet som gjer det mogeleg å fortsette arbeidet med å skape ny industri i Nordhordland. - Me føler at alle; både politikarar, næringslivsleiarar og ulike interesseorganisasjonar gjev oss den draghjelpa me treng for å realisere nye arbeidsplassar», seier Baste Tveito.


Greenspot Mongstad har lukkast med å setje Mongstad og Fensfjordbassenget på kartet blant rele-vante beslutningstakarar og investorar. Mogelegheitsanalysen, som alt er utarbeida av Greenspot Mongstad, er ein realistisk forretningsplan for industriområdet. – Lukkast me kan dette være starten på eit nytt industrieventyr med store dimensjonar – me veit kva det betyr for attraksjonskrafta til Nordhordland, avsluttar Widar Salbuvik.


Faktaboks Greenspot Mongstad

Greenspot Mongstad er et samarbeidsprosjekt, initiert av Industriutvikling Vest, Alver kommune og Nordhordland Næringslag, som arbeider for ny, grøn næringsutvikling på Mongstad. Deltakarane i prosjektet består av alle toneangivande aktørar i området. Dette er selskap som har samarbeida nært i mange år, og som ser nytta av eit enda sterkare samhandling for å hjelpe kvarandre og regionen inn i den omstilling til eit meir berekraftig, klimanøytralt næringsliv krev. Interimsstyret vert leia av av Widar Salbuvik (COB Asset Buyout Partners AS) og prosjektet vert leia av Baste Tveito (DL Nordhordland Næringslag)


Selskap som er representert i interimsstyret for Greenspot Mongstad:

Asset Buyout Partners AS

Technology Centre Mongstad (TCM)

PSW Group AS

Energiomstilling Vest Klyngen (EOV)

Equinor Energy ASA

Mongstad Tavleteknikk AS


Les meir om Greenspot Mongstad her.

Agenda Vestlandet (kontor)
Jonsvollsgate 2
5011 Bergen
Tlf: 99152515
epost: frode.nergaard.fjeldstad@spv.no
«Agenda Vestlandet er ei stifting oppretta av Sparebanken Vest for å vere ein drivkraft i det grøne skiftet på Vestlandet.»