Search

Industrieventyret flytande havvind

Kva skjer når Vestlandet, Noregs viktaste vekstmotor mister kraft? Vi har dratt på kortreist reportasjetur for å snakke med vestlendingar som kjempar mot klokka i beintøff internasjonal konkurranse. Første episoden i serien "Vestlandskonferansen på hjul" tek turen til Haugalandet og ser på korleis Vestlandet kan bli vinnaren i det nye grøne industrieventyret: Flytande havvind.



I episoden møter du:


- Martha Kold Bakkevig, Managing Partner i MKold

- Tormod Carlsen, leiar av Haugaland Vekst

- Arvid Nesse, leiar av Norwegian Offshore Windcluster

- Kenneth Walland, leiar av Østensjø Rederi


Programleiar og omreisande reportar: Siren Sundland, styreleiar i Agenda Vestlandet og konserndirektør for Strategi og Digital distribusjon i Sparebanken Vest.