Search

Rydda heile Hardangerfjorden på berre éin dag

Verdas største ryddeaksjon gjekk i dag av stabelen i Hardangerfjorden. Mellom 3 og 4.000 menneskje i over 150 ulike aksjonar rydda langs heile den 183 km lange fjorden. - Alt i frå born barnehagar, elevar på barneskular og vidaregåande skuler, bedrifter ryddar plast og marin forsøpling frå strender, seier Kenneth Bruvik i Framtidshavet, initiativtakar bak aksjonen.



Foto: Kenneth Bruvik frå Framtidshavet på plass i Rosendal.


Mobiliserte heile samfunnet

Målet med prosjektet har vore å få plass ein modell for korleis ein kan rydde fjordar i Noreg og globalt. - Vi har med oss mellom 70-100 båtar, 11 oppdrettsselskap, mange i frå næringslivet, frå akademia, direktorat og universitet, seier Bruvik. – Det gjer at vi har mogelegheit til å finne løysingane i lag, slik at vi kan stoppe plasten frå å nå ut i naturen, fortsett Bruvik.


Fekk støtte av Agenda Vestlandet

Agenda Vestlandet støttar prosjektet med 500.000 kronar. Eit av dei to satsingsområda for Agenda Vestlandet, Kysten vår, handlar om korleis vi tek vare på naturen her på Vestlandet. Rydding av plast er ein av hovudsatsingane i programmet. – Funnet av plastkvalen på Sotra i 2017 gjorde at problemet var ut allmenn kjent. Bruken av plast er framleis aukande, difor er slike folkelege mobiliseringar viktige for å få bukt med problemet, seier Frode Nergaard Fjeldstad, dagleg leiar i Agenda Vestlandet.


Du kan følgje prosjektet på Rein Hardangerfjord. Og alle ryddeaksjonane vert meldt inn i det nasjonale ryddeportalen, RYDDE.


Ein modell andre kan lære av

- Eg er import over den enorme mobiliseringa Framtidshavet har fått til saman med regionråda i Hardanger og Sunnhordland og kommunane langs fjorden, seier Frode Nergaard Fjeldstad, dagleg leiar i Agenda Vestlandet. – Framtidshavet har med dette prosjektet vist korleis ein kan skape ein bevegelse som engasjerer heile samfunnet. Det er nøkkelen for å lukkast med å løyse plastproblemet, avsluttar Nergaard Fjeldstad.

Sjå intervju med Kenneth Bruvik: