Search

Skal skape ringverknader av Stad skipstunnel

- Stad, Vanylven og Kinn kommune får 750.000 for å skape ringverknader av Stad skipstunnel. - Tunnelen vil opne ei heilt ny akse mellom Bergen og Ålesund, som kan utløyse ny grøn næringsutvikling. Difor har Agenda Vestlandet støtta prosjektet med 750.000 kronar, seier Siren Sundland, styreleiar i Agenda Vestlandet og konserndirektør for strategi og digital distribusjon i Sparebanken Vest.

Video fra skipstunnel.no


- For å sikre størst mogleg nytteverdi regionalt og nasjonalt av Stad Skipstunnel når denne står ferdig i 2025/26, er det viktig å kome raskt i gang med eit samla, systematisk arbeid for å legge til rette for og realisere ringverknader og nye moglegheiter som opnar seg som følgje av Stad Skipstunnel, seier ein særs nøgd avtroppande ordførar i Stad, Alfred Bjørlo.


Saman med Kinn og Vanylven kommune har Stad teke initiativ til å etablere eit langsiktig utviklingsprogram for å realisere ringverknader av Stad Skipstunnel, der første fase er ein forstudiefase haust 2021/vår 2022, med ei samla økonomisk ramme på 4,5 mill NOK.


Stiftinga Agenda Vestlandet bidrege med 750.000 til denne satsinga. Agenda Vestlandet er ei stifting oppretta av Sparebanken Vest for å vere ei drivkraft i det grøne skiftet på Vestlandet.

– Det er vestlendingen som vil merke den grøne omstillinga mest. Stad skipstunnel vil ikkje berre lage ein sikker sjøveg mellom Bergen og Ålesund, men vil òg utløyse nye mogelegheiter for mellom anna reiseliv, bygg og anlegg, handel og service, seier Siren Sundland.


Langsiktig mål og strategiar for å realisere ringverknadane frå Stad skipstunell

Gjennom samarbeid kan Kystverket, fylkeskommunane, kommunane, kunnskapsmiljø og næringslivet bidra til store positive ringverknadar for næringsliv og lokalsamfunn på Vestlandet i samband med utbygginga av Stad Skipstunell, m.a sørge for at:


- Stad skipstunnel blir eit reiselivsikon som posisjonerer Vestlandet for norsk og internasjonal turisme


- Stad skipstunnel bidreg til trygg seilas, bind Vestlandskysten saman og lukkast med å vri gods- og passasjertrafikk frå land til sjø, og med dette redusere klimaavtrykket


- Stad skipstunnel utløyser nye moglegheiter for ny samfunns- og næringsutvikling knytt til m.a.:

- Havrommet

- Reiseliv og lokalsamfunn

- Bygg & anlegg

- Handel & service