Search

Skapar nytt grønt industrieventyr av boreriggar

Updated: Jan 20


Korleis kan ein nytte utrangerte boreriggar i nye bygg? – Nordic Circles kan skape eit nytt grønt industrieventyr på Vestlandet ved å skape verdi av noko dei fleste ser på som skrap, seier Fredrik Barth, i Nordic Circles. Selskapet skal lage ein betre sirkulær forretningsmodell for boreriggar og skip.


Nordic Cirles har sett seg som mål å nytte material frå skip og boreriggar i nye bygg. I dag vert utrangerte boreriggar og skip sendt til Asia for å huggast opp. – I staden for å smelte om desse konstruksjonane, ønskjer vi å vare på krafta i materiala, seier Barth.

Gjev grunnlag for eit nytt industrieventyr på Vestlandet

Byggjebransjen står for om lag 40% av verdas CO2-utslipp. Innovasjon i bransjen er krevjande, men heilt naudsynt for å kunne redusere verdas utslepp. Nordic Circles skal finne opp en ny modell, der det vert enklare å tene pengar på maritimt metall, slik at dekommisjoneringa kan skje lokalt.


–Den sirkulære forretningsmodellen gjev grunnlag for nye arbeidsplassar på Vestlandet samstundes som ein reduserer klimautsleppa, nettopp difor støttar Agenda Vestlandet prosjektet med 20 millionar kronar, seier Siren Sundland, Konserndirektør for Operasjonelle Tenester i Sparebanken Vest, og styreleiar i Agenda Vestlandet.


Produkta Nordic Circles skal skape vil vere særs berekraftig. Det satsast no på innovasjon og kunnskap. Døme på produkt ein ser for seg er mellom anna berande konstruksjonar og fasadar på bygg. – Om vi lukkast så vil du sjå ein byggebransje som er totalt endra. Dei siste 30 åra med bruk og kast-samfunn er historie. Eg trur Nordic Circles har gjeve eit innspel til byggebransjen, kor vi tar vare på heller enn å forbruke, avsluttar Barth.


Omtale av prosjektet:

https://www.nrk.no/vestland/nordic-circles-vil-gjore-gamle-skip-om-til-bygg-1.15069074


Prosjektets nettside:

https://www.nordiccircles.com/