Search

Vestlandet stiller sterkt i Arendal




Siren Sundland, styreleiar i Agenda Vestlandet og konserndirektør i Sparebanken Vest.

– Sentrale myndigheiter må forstå at kampen om marknadsposisjonane i dei nye, grøne verdikjedane skjer akkurat no. Skal Noreg lukkast, må Vestlandet lukkast. Difor er det så viktig at Vestlandet har ei sterk stemme under Arendalsveka i år, seier Siren Sundland, styreleiar i Agenda Vestlandet og konserndirektør i Sparebanken Vest.


Agenda Vestlandet har støtta næringslivet på Vestlandet, slik at debattar som er viktige for omstillinga av næringslivet vert synleg under årets Arendalsveke.


60 debattar ombord

Vision of the Fjords og Ryger Elektra er scena for Vestlandsdebattane i Arendal. Maritime Bergen og Næringsforeninga i Stavangerregionen har samla aktørar frå heile regionen, med til saman over 60 debatter denne veka. Dei to Vestlandsbåtane produsert hjå Brødrene Aa i Hyen, er ein del av den nye, grøne skipsfarten. Dei ligg side om side i Pollen under Arendalsveka.


Sjå programmet for kvar dag her på Ryger Elektra:


Arendalsuka_dag1 - Næringsforeningen i Stavanger (naeringsforeningen.no)

Arendalsuka_dag2 - Næringsforeningen i Stavanger (naeringsforeningen.no)

Arendalsuka_dag3 - Næringsforeningen i Stavanger (naeringsforeningen.no)

Arendalsuka Dag 4 - Næringsforeningen i Stavanger (naeringsforeningen.no)


Arendalsuka – Maritime Bergen (Vision of the Fjords)


Korleis får vi fart på eksporten?

Det er her på Vestlandet at den grøne omstillinga blir mest omfattande. Olje og gass-næringa er framleis desidert størst, men det vil endre seg dei neste ti åra. På Vestlandskonferansen i år vart auka eksport framheva som eit sentralt verkemiddel. Ein eksportrapport bestilt av Agenda Vestlandet vart lansert på konferansen. Den peikte på at Noreg har mykje å lære av våre naboland til dømes næringsfremme gjennom ambassadane.


Agenda Vestlandet sitt hovudarrangement på Arendalsveka følger opp tiltaka frå eksportrapporten. Regjeringa har satt mål om 50 prosent vekst i fastlandseksporten, utanom olje og gass, innan 2030. Men vedtar dei politikken som legg til rette for det?


Vi tek debatten tysdag kl. 18:30 på Vision of the Fjords, med minglearrangement etterpå på Ryger Elektra.


Mikroplastsenter leverer politikk til FN

I 2020 vart North Atlantic Microplastic Centre (NAMC) etablert med støtte frå Agenda Vestlandet. Initiativtakar var NORCE. Senteret, med base i Bergen, skal forske på korleis mikroplast påverkar menneske og dyr. I tillegg skal senteret levere forslag til korleis ein global plastavtale kan sjå ut. Det har den allereie gjort.


Onsdag morgon inviterer Agenda Vestlandet og NORCE til eit frukostmøte om korleis eit vegkart til ein global plastavtale kan sjå ut. Klima- og miljøminister, Espen Barth Eide, og Direktør i RevOcean, Nina Jensen er blant paneldeltakarane.