Search

Vestlandsbedriftene gjer seg klare for opptur, men fryktar konkursar

Updated: Mar 9

Årets første Vestlandsindeks viser at optimismen er attende i vestlandsbedriftene. Samstundes viser indeksen ei konkursfrykt som tyder at ikkje alle kjem til å få vere med på oppturen.

Resultatindeksen for første kvartal i år har ikkje endra seg samanlikna med den førre indeksen, men forventingsindeksen har hoppa frå 55 til 61 poeng, som er det høgste nivået sidan før pandemien.


– Sjølv om resultatindeksen viser at vi framleis står i krevjande tider, er det tydeleg at bedriftene byrjar å sjå føre seg at ei normalisering er innanfor rekkjevidde, seier Ragnhild Janbu Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest.


Ventar auka sysselsetjing Fleire indikatorar viser at vestlandsbedriftene ventar seg ein opptur. Sysselsetjingsforventingane hoppar frå 51 til 56, og er med dette attende på nivået frå før pandemien. For første gong sidan pandemien starta, ventar no summen av vestlandsbedriftene at sysselsetjinga vil vere attende på pre-koronanivå innan eitt år.


Forventingane til etterspurnad, investeringar og lønsemd stig òg i indeksen. Men sjølv om bedriftene melder om ein markant auke i forventingane, finst det mørke skyer i horisonten.

Se Anita Nybø, administrerende direktør i Fløyen, Ragnhild Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarked i Sparebanken Vest og Kjetil Benson, leder for Markets i Sparebanken Vest, i samtale om funnene i Vestlandsindeksen.


Ikkje alle får ta del i oppturen Av bedriftene i indeksen ventar 37 prosent fleire konkursar blant underleverandørane sine i løpet av de neste seks månadene. I tillegg svarer 27 prosent av bedriftene òg at dei har gjeve kundane sine betalingsutsetjingar, og dette representerer ein auke på fem prosentpoeng frå førre kvartal.

– I 2020 og så langt i 2021 har talet på konkursar halde seg lågt som følgje av styresmaktene sine låne- og støtteordningar. Talet på konkursar ligg under det vi har hatt i normalår før pandemien. Det er tydeleg at vi har skuva utfordringar framfor oss. Når både næringsspesifikke og breie ordningar etter kvart blir fasa ut, er det risiko for at vi vil oppleve ei markant auke i mengde konkursar, seier Fresvik.

Bankleiaren er tydeleg på at mange bedrifter må fokusere på å kome seg gjennom dei næraste månadene før dei kan vente seg betre tider.


– I det korte biletet handlar det om å vere proaktive i å krevje inn uteståande beløp og sikre seg betalingsgarantiar for større beløp. Mange verksemder ser òg moglegheiter til å gjere nokre investeringar for å rigge seg for moglegheiter framover, men då må dei sikre at dei har midlane til å gjere det utan at det gjev auka sårbarhet for akutte likviditetsutfordringar, understrekar Fresvik.


Last ned heile Vestlandsindeksen på spv.no


Optimismen attende i reiselivet Overnattings- og serveringsverksemdene sine forventingar har falle konstant sidan nedstenginga i mars 2020, men i starten av 2021 er optimismen attende. Reiselivsbransjen og selskap i transport- og lagringsnæringa er dei to bransjane i indeksen som har den største auken i forventingar.


I Virke Reiseliv si Reisepuls-undersøking om folk sine ferieplanar for 2021 er Vestlandet for første gong oppgjeve som favorittdestinasjonen for nordmenn som skal feriere i Noreg til sommaren.


– Dette er svært positivt for det vestnorske reiselivet – no har dei moglegheita til å byrje å hente seg inn att etter koronakrisa. Men enkelt blir det ikkje, for det krev at bedriftene torer å satse og tenkje nytt samstundes som dei har full kontroll på kostnadene dei næraste månadene, seier Fresvik.


Eksportbedriftene treng meir drahjelp frå verkemiddelapparatet Vestlandsindeksen har for første gong spurt eksportbedriftene om dei har nytta seg av eksportstøtte frå verkemiddelapparatet, og om støtta har vore relevant for dei. Fire av fem bedrifter der heile eller delar av omsetnaden er knytt til eksport svarte at dei ikkje har eller kjenner til at dei har nytta støtteordningar for eksport dei siste to åra.


Over halvparten av bedriftene seier at ordningane er lite eller svært lite relevante for deira verksemd.

– Må gjere offentlege verkemiddel meir synlege og relevante Funna om eksportstøtte til vestlandsbedriftene viser at det er stort potensial for å auke eksporten frå den fremste eksportregionen i Noreg. Vestlandsmeldinga 2020 viste at sjømatnæringa, den maritime næringa, prosessindustrien og fornybarnæringa kan doble verdiskapinga og skape opptil 80 000 nye jobbar innan 2035, og at dei aller fleste av desse jobbane vil kome i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.


EU sin grøne vekststrategi Green Deal og satsingane mange nasjonar no gjer innan fornybar energi, berekraftig matproduksjon og miljøvenleg transport, gjer at Vestlandet har store moglegheiter, samstundes som den naudsynte omstillinga har kome nærare dørstokken vår, meiner Fresvik.


– Svara i Vestlandsindeksen viser at vi må intensivere arbeidet med å gjere offentlege verkemiddel meir relevante og synlege for alle dei viktige små og mellomstore eksportbedriftane på Vestlandet om vi som region og Noreg som nasjon skal lukkast, seier Fresvik.


Skrevet av: Johannes Dobson

Foto av Ragnhild Janbu Fresvik: Eivind Senneset