Search

Noreg byrjar å få skikkeleg dårleg tid

Han er umogleg å oversjå. Han strøymer mot deg i alle kanalar denne sommaren: Kjærleiken til Vestlandet. Folk helsar kvarandre varmt, frå fjelltopp til fjelltopp i sosiale media. Vi fotograferer den eine plassen finare enn den andre, og motiva vi deler er så vakre at ord ikkje strekk til. Så vi taggar like godt bilda med tidenes underdriving #Vestlandetaltså.


Skrevet av Siren Sundland, konserndirektør strategi og digital distribusjon. Styreleder i Agenda Vestlandet.


Om du ser nøye på bileta av Osterøy, Stord, Bømlo, Ulvik, Stryn, Svelgen eller Strandvik i sommarsol, vil du sjå at dei også er ei påminning om noko vi aldri må miste av syne: Vi kan bu akkurat der vi drøymer om å bu, eine og åleine fordi der er jobb å få. Lokalsamfunna som gir oss kjensla av å høyre til, bygdene og byane vi kallar heime, er tufta på lokalt næringsliv. Tida er inne for å løfte blikket. Ingen samanliknbare land har tapt globale marknadsdelar like raskt som Noreg dei siste 20 åra. Sjølv etter ei kraftig svekking av krona, har vi ikkje makta å auke Noreg sitt eksportvolum. «En urovekkende indikasjon på manglende konkurransekraft i globale markeder», skriv analytikarane i Menon Economics i sin ferske rapport om norsk eksportutvikling. LO leiaren Peggy Hessen Følsvik understrekar alvoret i sin kommentar til Nettavisen: «Dette er en brutalt ærlig, men viktig rapport. Den tegner et bilde av en dyster situasjon». Vestlandet har vore landets viktigaste vekstmotor gjennom generasjonar. No tvingar klimakrisa fram nye tankesett, nye løysingar og ny teknologi. Vestlandet sto for 41 prosent av den samla eksporten frå Noreg i fjor. Difor er det vi vestlendingar som har mest å tape på ei vidareføring av ein næringspolitikk som ikkje er tilstrekkeleg for å styrke vår internasjonale konkurransekraft. Ein politikk som heller ikkje speglar det nye konkurransebiletet for norsk industri. Klima og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) var prega av alvoret etter framlegginga av raporten frå FN sitt klimapanel førre veke. «Det positive med rapporten er at den viser at det ikke er for sent. Det går an å nå målene i Parisavtalen. Men det går ikke an hvis man lar være å kutte klimagassutslipp. Det er jobb nummer en», sa Rotevatn til Dagens Næringsliv. Men premisset for å lukkast med jobb nummer ein, er at vi maktar å styrke og målrette vår satsing på ny, grøn industri. Vi har har tallause rapportar som viser kor stort potensialet er for verdiskaping på fornybarfeltet. Men medan vi har diskutert moglegheitene, har naboland og handelspartnarar brukt tida på å gripe moglegheitene. Difor er det kritisk viktig å forstå korleis konkurransesituasjonen endrar seg for Noreg når sentrale handelspartnarar som EU styrer mot netto null utslepp. Den internasjonale konkurransen om å ta leiarposisjonar i nye grøne verdikjeder, som flytande havvind og hydrogen er allereie knallhard. Berre ein prosent av dagens eksport kjem frå fornybar energi eller leverandørar til fornybar energi. Samanliknar vi oss med Danmark, er deira fornybar-eksport om lag ti gongar høgare enn vår! Det seier sitt om konkurransesituasjonen vi står i. Noreg byrjar å få skikkeleg dårleg tid.

Svært mange av verksemdene og forskingsmiljøa som kan vere starten på eit nytt, nasjonalt industrieventyr ligg på Ves-tlandet. Om dei skal lukkast, trengs rask og målretta innsats. Dagleg leiar i klynga Norwegian Offshore Wind Cluster, Arvid Nesse, kjempar mot klokka på vegne av dei 120 selskapa som jobbar for å byggje eit nytt industrieventyr på Haugalandet. Potensialet for årleg omsetjing er estimert til 11,6 milliardar for selskapa i den norske leverandørkjeda for flytande havvind, og Noreg har hatt eit sterkt, teknologisk forsprang. Over fleire år har andre industrinasjonar i Europa kjempa hardt og målretta for å ta igjen forspranget. Næringslivsleiarar etterlyser ein næringspolitikk og eit verkemiddelapparat som i større grad speglar den nye konkurransesituasjonen. Difor har vi gitt eit av landets leiande analysemiljø i oppdrag å skrive Vestlandsmeldinga 2021. Meldinga er utarbeidd i dialog med vestnorske næringslivsleiarar, og peikar på sju konkrete grep for å skape nye arbeidsplassar og varig vekst i vår region. Vestlandsmeldinga er også ei viktig melding til deg som har framsnakka plassar som Osterøy, Stord, Bømlo, Ulvik, Stryn, Svelgen eller Strandvik denne sommaren: Det finst ein klar samanheng mellom det gode friluftslivet du skattar så høgt og det fornybare arbeidslivet som treng ditt engasjement. Så om du står ved din kjærleik til Vestlandet - engasjer deg i næringspolitikken! Engasjer deg på vegne av alle dei visjonære vestlendingane som kjempar for å byggje morgondagens arbeidsplassar, i nærleiken av der du elskar å bu.