My Items

I'm a title. ​Click here to edit me.

Industrieventyret flytande havvind

Industrieventyret flytande havvind

Kva skjer når Vestlandet, Noregs viktaste vekstmotor mister kraft? Vi har dratt på kortreist reportasjetur for å snakke med vestlendingar som kjempar mot klokka i beintøff internasjonal konkurranse. Første episoden i serien "Vestlandskonferansen på hjul" tek turen til Haugalandet og ser på korleis Vestlandet kan bli vinnaren i det nye grøne industrieventyret: Flytande havvind. I episoden møter du: - Martha Kold Bakkevig, Managing Partner i MKold - Tormod Carlsen, leiar av Haugaland Vekst - Arvid Nesse, leiar av Norwegian Offshore Windcluster - Kenneth Walland, leiar av Østensjø Rederi Programleiar og omreisande reportar: Siren Sundland, styreleiar i Agenda Vestlandet og konserndirektør for Strategi og Digital distribusjon i Sparebanken Vest.

More
Korleis skal Vestlandet vinne nye marknadsandelar?

Korleis skal Vestlandet vinne nye marknadsandelar?

Autostore frå Vats på Haugalandet vart nyleg verdsatt til 65 mrd. kronar, og er Noregs først einhjøring. Ei teknologibedrift som har nådd 1 mrd i omsetnad. I denne episoden av Vestlandskonferansen på får du høyre om korleis dei har oppnådd suksess med noko så traust som eit lagersystem. Episoden vitjar óg Karmsund Hamn som posisjonerer seg som den mest berekraftige hamna i Nordsjøbassenget. Du møter: Tore Gautesen, Adm.dir. Karmsund Havn Karl Johan Lier, CEO & President Autostore Programleiar, Siren Sundland, konserdirektør for strategi og digital distribusjon i Sparebanken Vest

More
Skal skape ringverknader av Stad skipstunnel

Skal skape ringverknader av Stad skipstunnel

- Stad, Vanylven og Kinn kommune får 750.000 for å skape ringverknader av Stad skipstunnel. - Tunnelen vil opne ei heilt ny akse mellom Bergen og Ålesund, som kan utløyse ny grøn næringsutvikling. Difor har Agenda Vestlandet støtta prosjektet med 750.000 kronar, seier Siren Sundland, styreleiar i Agenda Vestlandet og konserndirektør for strategi og digital distribusjon i Sparebanken Vest. Video fra skipstunnel.no - For å sikre størst mogleg nytteverdi regionalt og nasjonalt av Stad Skipstunnel når denne står ferdig i 2025/26, er det viktig å kome raskt i gang med eit samla, systematisk arbeid for å legge til rette for og realisere ringverknader og nye moglegheiter som opnar seg som følgje av Stad Skipstunnel, seier ein særs nøgd avtroppande ordførar i Stad, Alfred Bjørlo. Saman med Kinn og Vanylven kommune har Stad teke initiativ til å etablere eit langsiktig utviklingsprogram for å realisere ringverknader av Stad Skipstunnel, der første fase er ein forstudiefase haust 2021/vår 2022, med ei samla økonomisk ramme på 4,5 mill NOK. Stiftinga Agenda Vestlandet bidrege med 750.000 til denne satsinga. Agenda Vestlandet er ei stifting oppretta av Sparebanken Vest for å vere ei drivkraft i det grøne skiftet på Vestlandet. – Det er vestlendingen som vil merke den grøne omstillinga mest. Stad skipstunnel vil ikkje berre lage ein sikker sjøveg mellom Bergen og Ålesund, men vil òg utløyse nye mogelegheiter for mellom anna reiseliv, bygg og anlegg, handel og service, seier Siren Sundland. Langsiktig mål og strategiar for å realisere ringverknadane frå Stad skipstunell Gjennom samarbeid kan Kystverket, fylkeskommunane, kommunane, kunnskapsmiljø og næringslivet bidra til store positive ringverknadar for næringsliv og lokalsamfunn på Vestlandet i samband med utbygginga av Stad Skipstunell, m.a sørge for at: - Stad skipstunnel blir eit reiselivsikon som posisjonerer Vestlandet for norsk og internasjonal turisme - Stad skipstunnel bidreg til trygg seilas, bind Vestlandskysten saman og lukkast med å vri gods- og passasjertrafikk frå land til sjø, og med dette redusere klimaavtrykket - Stad skipstunnel utløyser nye moglegheiter for ny samfunns- og næringsutvikling knytt til m.a.: - Havrommet - Reiseliv og lokalsamfunn - Bygg & anlegg - Handel & service

More
Rydda heile Hardangerfjorden på berre éin dag

Rydda heile Hardangerfjorden på berre éin dag

Verdas største ryddeaksjon gjekk i dag av stabelen i Hardangerfjorden. Mellom 3 og 4.000 menneskje i over 150 ulike aksjonar rydda langs heile den 183 km lange fjorden. - Alt i frå born barnehagar, elevar på barneskular og vidaregåande skuler, bedrifter ryddar plast og marin forsøpling frå strender, seier Kenneth Bruvik i Framtidshavet, initiativtakar bak aksjonen. Foto: Kenneth Bruvik frå Framtidshavet på plass i Rosendal. Mobiliserte heile samfunnet Målet med prosjektet har vore å få plass ein modell for korleis ein kan rydde fjordar i Noreg og globalt. - Vi har med oss mellom 70-100 båtar, 11 oppdrettsselskap, mange i frå næringslivet, frå akademia, direktorat og universitet, seier Bruvik. – Det gjer at vi har mogelegheit til å finne løysingane i lag, slik at vi kan stoppe plasten frå å nå ut i naturen, fortsett Bruvik. Fekk støtte av Agenda Vestlandet Agenda Vestlandet støttar prosjektet med 500.000 kronar. Eit av dei to satsingsområda for Agenda Vestlandet, Kysten vår, handlar om korleis vi tek vare på naturen her på Vestlandet. Rydding av plast er ein av hovudsatsingane i programmet. – Funnet av plastkvalen på Sotra i 2017 gjorde at problemet var ut allmenn kjent. Bruken av plast er framleis aukande, difor er slike folkelege mobiliseringar viktige for å få bukt med problemet, seier Frode Nergaard Fjeldstad, dagleg leiar i Agenda Vestlandet. Du kan følgje prosjektet på Rein Hardangerfjord. Og alle ryddeaksjonane vert meldt inn i det nasjonale ryddeportalen, RYDDE. Ein modell andre kan lære av - Eg er import over den enorme mobiliseringa Framtidshavet har fått til saman med regionråda i Hardanger og Sunnhordland og kommunane langs fjorden, seier Frode Nergaard Fjeldstad, dagleg leiar i Agenda Vestlandet. – Framtidshavet har med dette prosjektet vist korleis ein kan skape ein bevegelse som engasjerer heile samfunnet. Det er nøkkelen for å lukkast med å løyse plastproblemet, avsluttar Nergaard Fjeldstad. Sjå intervju med Kenneth Bruvik:

More
Greenspot Mongstad får 3 millionar i støtte til grøn omstilling

Greenspot Mongstad får 3 millionar i støtte til grøn omstilling

- Dette er fantastiske nyheiter, seier leiar av Interimsstyret Widar Salbuvik og prosjektleiar Baste Tveito i Greenspot Mongstad etter at Agenda Vestlandet informerte dei om støtta dei har fått til å utvikle nye grøne arbeidsplassar på Mongstad. Greenspot Mongstad skal omstille Norges største punktutslepp av CO2 til eit industriområde som skapar nye grøne arbeidsplasser. Av Frode Nergaard Fjeldstad 4. februar 2021 Agenda Vestlandet er Sparebanken Vest si stifting for å akselerere det grøne skiftet på Vestlandet. Slik grunngjev dei kvifor akkurat Greenspot Mongstad fekk støtte: – Agenda Vestlandet støttar prosjekt kor ein går frå ord til handling. Regionen har i 50 år nytt godt av eit olje og gasseventyr som har gjeve trygge arbeidsplassar og velstandsvekst. Dei neste åra må me skape ny industri, basert på grøne energikjelder for å vere konkurransedyktig, seier Sundland. Skal gjere Mongstad grøn Salbuvik i Greenspot Mongstad har tru på at Mongstad, som har stått for det største enkeltutsleppet av CO2 i Noreg, no kan ta ein leiarposisjon i det grøne skiftet. - Greenspot Mongstad sine analysar syner at me er eitt av dei mest attraktive næringsområda i landet. Vi opplever no ein auka etterspurnad frå solide norske og internasjonale selskap, som ønskjer å investere i grøn industri på Mongstad, seier Salbuvik. Støtta frå Agenda Vestlandet er sjølve fundamentet som gjer det mogeleg å fortsette arbeidet med å skape ny industri i Nordhordland. - Me føler at alle; både politikarar, næringslivsleiarar og ulike interesseorganisasjonar gjev oss den draghjelpa me treng for å realisere nye arbeidsplassar», seier Baste Tveito. Greenspot Mongstad har lukkast med å setje Mongstad og Fensfjordbassenget på kartet blant rele-vante beslutningstakarar og investorar. Mogelegheitsanalysen, som alt er utarbeida av Greenspot Mongstad, er ein realistisk forretningsplan for industriområdet. – Lukkast me kan dette være starten på eit nytt industrieventyr med store dimensjonar – me veit kva det betyr for attraksjonskrafta til Nordhordland, avsluttar Widar Salbuvik. Faktaboks Greenspot Mongstad Greenspot Mongstad er et samarbeidsprosjekt, initiert av Industriutvikling Vest, Alver kommune og Nordhordland Næringslag, som arbeider for ny, grøn næringsutvikling på Mongstad. Deltakarane i prosjektet består av alle toneangivande aktørar i området. Dette er selskap som har samarbeida nært i mange år, og som ser nytta av eit enda sterkare samhandling for å hjelpe kvarandre og regionen inn i den omstilling til eit meir berekraftig, klimanøytralt næringsliv krev. Interimsstyret vert leia av av Widar Salbuvik (COB Asset Buyout Partners AS) og prosjektet vert leia av Baste Tveito (DL Nordhordland Næringslag) Selskap som er representert i interimsstyret for Greenspot Mongstad: Asset Buyout Partners AS Technology Centre Mongstad (TCM) PSW Group AS Energiomstilling Vest Klyngen (EOV) Equinor Energy ASA Mongstad Tavleteknikk AS Les meir om Greenspot Mongstad her.

More
Elfly mellom Stavanger og Bergen i 2026?

Elfly mellom Stavanger og Bergen i 2026?

- Ja, det er i høgste grad innan rekkevidde, seier Njål Skår, styremedlem i Agenda Vestlandet og regiondirektør i BM Stavanger-området i Sparebanken Vest. Agenda Vestlandet har gitt 2,6 millionar kronar til eit forprosjekt for utvikling av ei kommersiell flyrute mellom Stavanger og Bergen med elfly. Prosjektet i regi av Start Norge AS, skal peike på kva tiltak som må til for å kunne realisere den første kommersielle ruta med elfly i Noreg. Prosjektet har òg fokus på kommunikasjon, og ein nettside skal lanserast for å gje naudsynt nyhende om elfly i Noreg. – Elfly er ein heilt ny teknologi, dette må mognast for at folk skal føle seg trygge. Eg er heilt sikker på fly vil vere eit naudsynt framkomstmiddel på Vestlandet i framtida, då er det viktig at den er basert på grøn teknologi, seier Skår. Skår peiker òg på ringverknadane av å innføre denne teknologien på Vestlandet. – Det må byggjast ny infrastruktur for å handtere denne teknologien, med nye konsept for til dømes lading, krafttilførsel, service, nullutslepptransport til/frå flyplass, seier Skår. Elfly tema på Næringsforeningen TV Fredag 5. februar var utvikling av elfly på Vestlandet tema i Næringsforeningen i Stavanger-regionen sin daglege TV-sending. I følgje Arne Martin Gilberg i Aircontact Group er strekninga Stavanger-Bergen ideell for innfasing av elfly i Norge. – Distansen mellom dei to byane er ca. 170 km og er ein god distanse med dagens teknologi, det er eit godt befolkningsgrunnlag, om lag 500.000 reiser med fly på denne strekninga i dag, seier Gilberg i sendinga. Sjå sendinga om Elfly her (om lag 20 min): Les meir om funna i mogelegheitsstudien om innfasing av elfly i Noreg.

More
Vestlandet blir vinneren i fremtidens lavutslippssamfunn

Vestlandet blir vinneren i fremtidens lavutslippssamfunn

Et taktskifte i den grønne omstillingen kan bety 80 000 nye, bærekraftige arbeidsplasser og en dobling av den totale verdiskapningen i noen av de viktigste næringene i regionen vår. Menon Economics har vurdert vekstmulighetene for prosessindustrien, sjømat-, maritim- og fornybarnæringen i Norge fra i dag og frem til 2035 med utgangspunkt i grønn omstilling. Analysen er laget på oppdrag fra Vestlandskonferansen som går av stabelen i Grieghallen i Bergen 3. mars. Jo mer de internasjonale avgiftsnivåene på klima- og miljøutslipp øker, jo bedre vil norsk, eksportrettet næringsliv klare seg. Det gjelder særlig næringslivet på Vestlandet, viser Vestlandsmeldingen 2020. Norges relativt høye avgiftsnivå på klimagasser og strenge regulering av utslipp, er en fordel for norske eksportnæringer. Dette gjør at flere næringer har et forsprang på internasjonale konkurrenter fordi de allerede er i gang med betydelige tilpasninger og investeringer for å redusere utslippene. Etter hvert som internasjonale priser på utslipp øker, vil dermed Norge styrke sin relative konkurranseevne. Kombinasjonen av ledende sektorkompetanse og lave utslipp danner grunnlaget for økt konkurransekraft når verden går i en mer klimavennlig retning.

More
Myndighetene må gi klarere retningslinjer

Myndighetene må gi klarere retningslinjer

Politisk vilje på tvers av landegrenser og kontinenter er en forutsetning for å legge til rette for global grønn vekst. Mange land og regioner er allerede i gang – eksempelvis har EU nylig foreslått en ny omstillingsplan – the European Green Deal – for å nå målet om karbonnøytralitet innen 2050. Men hvordan kan vi i Norge og på Vestlandet bidra til at vi skal klare å skape disse nye arbeidsplassene og øke verdiskapingen? Vestlandsmeldingen peker på følgende tiltak som norske myndigheter bør iverksette: gå foran i det internasjonale samarbeidet for å sikre høye karbonpriser gi klarere retningslinjer som kan gi bedriftene trygghet til å investere i teknologi gjøre det attraktivt for å drive med forskning på klimateknologi bidra med finansielle støtteordninger som legger til rette for storskala og lønnsomhet

More
Vestlandsindeksen for 4. kvartal

Vestlandsindeksen for 4. kvartal

Optimismen som næringslivet på Vestlandet meldte om på sensommeren er ikke like tydelig nå. Det viser Vestlandsindeksen for 4. kvartal 2020. Se Ragnhild Fresvik, konserndirektør for bedriftsmarked i Sparebanken Vest, og Kjetil Benson, leder for Markets, diskutere funnene og les mer om funnene i Vestlandsindeksen på SPVnyheter.

More
Velkommen til Agenda Vestlandet!

Velkommen til Agenda Vestlandet!

Vestlandet er Norges største vekstmotor, og regionen spelar ei kritisk viktig rolle i den omfattande omstillinga som landet vårt no står ovanfor. Neste generasjons industri og arbeidsplassar skal byggjast, fornybarsamfunnet skal formast. Sjølv om Vestlandet har unike naturressursar og teknologiske fortrinn, krev den internasjonale konkurransen om nye marknadsposisjonar eit sterkt, regionalt samarbeid på tvers av selskap og sektorar. Difor har Sparebanken Vest oppretta stiftinga Agenda Vestlandet, og øyremerkt 300 millionar kroner til satsingar innan berekraft og grøn omstilling. Det vert stadig meir synleg, korleis omstillinga til ny næringsutvikling, nye verdikjeder og nye tankesett skyt fart rundt oss. Dei siste to åra har Vestlandsmeldinga analysert og konkretisert det store potensialet for framtidig verdiskaping som finst her vest. No handlar det om å gå frå preik til praksis, og vi har inga tid å miste. Fleire av våre naboland tar ein tydeleg posisjon på fornybarfeltet, og den internasjonale konkurransen hardnar til for fullt. EU investere heile 1000 milliardar euro gjennom sin vekstpakke Green Deal, og med dette får også vi på Vestlandet heilt nye rammevilkår for vår framtidige handel og verdiskaping. Agenda Vestlandet står bak ei rekke prosjekt som på ulike felt har som mål å styrke regionen for framtida. Stiftinga står også bak tre sentrale initiativ Vestlandskonferansen:
Har vakse fram som årets viktigaste møteplass for diskusjonar mellom næringsliv, politikk og akademia. Dei siste to åra har heile 1500 tatt del i konferansen, og nærmare 5000 såg Vestlandskonferansen 2020 på stream. Vestlandmeldinga:
Vestlandet fekk si første perspektivmelding med Vestlandsmeldinga 2019. Året etterpå vart ny kunnskap om potensialet for framtidig vekst i våre viktigaste eksportnæringar lagt til. Meldinga skal gje innsikt og inspirasjon i arbeidet for å skape nye arbeidsplassar på Vestlandet. Vestlandsindeksen:
Tar pulsen på marknadsutsiktene hos våre verksemder på Vestlandet,
fire gonger i året Aldri før har Vestlandet og verda rundt oss stått ovanfor ei vanskelegare,
viktigare oppgåve: Å endre vårt næringsliv, vårt samfunn og vårt eige tankesett tidsnok til å møte dei utfordringane og dei moglegheitene som følgjer av omstillinga til framtidas fornybarsamfunn. Det er opp til oss å forstå at Vestlandet har alle føresetnader for å skape eit nytt og bærekraftig energieventyr. Det er opp til oss å tru på at vestlendingar kan vise veg i overgangen til lavutslippssamfunnet. Det er opp til oss å sikre at Vestlandet vinn posisjonen som verdsleiande eksportør av maritim kompetanse og teknologi. Det finst ingen andre å peike på.
Det er vi vestlendingar som må gjere den viktigaste jobben av alle:
Å halde fast ved trua på at vi kan skape noko betre. Saman. Stiftinga Agenda Vestlandet tar ikkje i mot direkte søknadar, men innspel kan sendast til dagleg leiar i Frode Fjeldstad frode.nergaard.fjeldstad@spv.no.

More
Skapar nytt grønt industrieventyr av boreriggar

Skapar nytt grønt industrieventyr av boreriggar

Korleis kan ein nytte utrangerte boreriggar i nye bygg? – Nordic Circles kan skape eit nytt grønt industrieventyr på Vestlandet ved å skape verdi av noko dei fleste ser på som skrap, seier Fredrik Barth, i Nordic Circles. Selskapet skal lage ein betre sirkulær forretningsmodell for boreriggar og skip. Nordic Cirles har sett seg som mål å nytte material frå skip og boreriggar i nye bygg. I dag vert utrangerte boreriggar og skip sendt til Asia for å huggast opp. – I staden for å smelte om desse konstruksjonane, ønskjer vi å vare på krafta i materiala, seier Barth. Gjev grunnlag for eit nytt industrieventyr på Vestlandet Byggjebransjen står for om lag 40% av verdas CO2-utslipp. Innovasjon i bransjen er krevjande, men heilt naudsynt for å kunne redusere verdas utslepp. Nordic Circles skal finne opp en ny modell, der det vert enklare å tene pengar på maritimt metall, slik at dekommisjoneringa kan skje lokalt. –Den sirkulære forretningsmodellen gjev grunnlag for nye arbeidsplassar på Vestlandet samstundes som ein reduserer klimautsleppa, nettopp difor støttar Agenda Vestlandet prosjektet med 20 millionar kronar, seier Siren Sundland, Konserndirektør for Operasjonelle Tenester i Sparebanken Vest, og styreleiar i Agenda Vestlandet. Produkta Nordic Circles skal skape vil vere særs berekraftig. Det satsast no på innovasjon og kunnskap. Døme på produkt ein ser for seg er mellom anna berande konstruksjonar og fasadar på bygg. – Om vi lukkast så vil du sjå ein byggebransje som er totalt endra. Dei siste 30 åra med bruk og kast-samfunn er historie. Eg trur Nordic Circles har gjeve eit innspel til byggebransjen, kor vi tar vare på heller enn å forbruke, avsluttar Barth. Omtale av prosjektet: https://www.nrk.no/vestland/nordic-circles-vil-gjore-gamle-skip-om-til-bygg-1.15069074 Prosjektets nettside: https://www.nordiccircles.com/

More
Oppfordrer flere kvinner til å hoppe på teknologitoget

Oppfordrer flere kvinner til å hoppe på teknologitoget

Et av selskapene som får tilrettelagt rådgivning i Slingshot-programmet er Justify. Justify leverer digitale løsninger til privatmarkedet og har store vekstambisjoner de kommende årene. En sentral person i Justify og i Slingshot-initiativet er Anett Ravndal. Ravndal ser både utfordringer og muligheter når Stavangerregionen de neste årene skal gå fra å bli oljehovedstad til teknologihovedstad. Hun oppfordrer flere kvinner til å hoppe på teknologitoget og bli med på omstillingsreisen. Ravndal har flere års erfaring som advokat og valgte å gå ut av en trygg jobb i Oslo tingrett og Kluge advokatfirma for å være med på å bygge opp Justify. Hun er nå juridisk direktør i selskapet. Sammen med resten av ledergruppa i Justify arbeider hun med strategi og planlegging for neste år i Slingshot-samarbeidet. – Jeg mener at man bør utfordre seg selv til å lære noe nytt ved jevne mellomrom. I dagens datadrevne samfunn er det stor verdi i å kunne softwareutvikling, også som advokat, sier Ravndal. Anett Ravndal, juridisk direktør, Justify Videre peker hun på at Justify består av svært dyktige ansatte i alle ledd, som stadig er på jakt etter å forbedre det vi gjør. Det sikrer både kvalitet og hurtighet i tjenestene vi leverer. Det tverrfaglige miljøet i Justify ga meg en unik læringsmulighet som det var umulig å si nei til. Ikke minst er det spennende å være med på å bygge opp en bedrift fra bunnen av, som man har eierskap til, fortsetter hun. Flere kvinner bør ta sjansen Som en av forholdsvis få kvinner innen techmiljøet i Stavangerregionen ser gjerne Ravndal at flere kvinner våger å ta spranget over i nye næringer. – Flere kvinner bør tørre å gå utenfor komfortsonen i en bransje som kan by på mange fremtidsrettede muligheter. Personlig opplever jeg ikke at det er noen forskjell på å være kvinne og mann i tech. Med en god dose nysgjerrighet og læringsvilje tror jeg det er like gode muligheter for kvinner og menn, sier Ravndal. Ingen dans på roser På spørsmål om Stavangerregionens muligheter for omstilling fra å være en tradisjonelt sett oljetung og fossilavhengig region, er Ravndal optimistisk. Samtidig peker hun på noen utfordringer. – Den største utfordringen i regionen er etter mitt syn evnen og viljen til å tørre å satse og investere i nye tjenester og produkter, samtidig som man henter ut det beste av dagens virksomheter. For å oppnå det, må flere med gode ideer, kompetanse og erfaring se seg om etter nye bruksområder for sin kunnskap. Videre er man avhengig av investorer som tør å ta risiko. – På den annen side har Stavangerregionen historisk sett gjennomgått store omstillingsprosesser tidligere, og jeg tror svingningene på grunn av oljen gjør at flere nå blir tvunget til å tenke nytt, noe som er positivt på lang sikt, sier hun. Revisjons- og rådgivningsselskapet PwC er med som partner i Slingshot og Ole Martin Høyrem fra PwC er enig med Ravndal. – Det er tydelig at vår region er ekstremt sårbar for endringer, spesielt med såpass høy andel arbeidsplasser i olje og gass. Slingshot-initiativet tar sikte på å møte disse utfordringene, understreker han. Må tørre å tenke stort I tillegg til PwC er Slingshot-initiativet opprettet med støtte fra Sparebanken Vests stiftelse, Agenda Vestlandet og FOMO. – Vi må tørre å tenke stort, sier Njål Skår, regiondirektør i Sparebanken Vest. – Dersom vi skal lykkes med den grønne omstillingen, må vi klare å skalere flere bedrifter for å skape flere arbeidsplasser i vår region. Vi har stor tro på den måten Slingshot jobber på, sier han. Med det i mente er Ravndal optimistisk med tanke på at Stavangerregionen det neste tiåret vil klare å utnytte kompetansen som finnes i oljerelaterte virksomheter til å skape spennende nye arbeidsplasser løsrevet fra oljeindustrien. Hun både håper og tror at vi vil se en større andel IT-relaterte bedrifter, som driver med alt fra datalagring til produkt- og tjenesteutvikling i regionen. – Miljøet for oppstartsbedrifter og bedrifter i skaleringsfasen vil forhåpentligvis også vokse betraktelig. Men vi er avhengig av flere folk som tør å satse, og som tør å tenke stort og annerledes, avslutter Anett Ravndal.

More